No er vinteren i kjømda, og det gjeld å vera budd på glatte vegar.

Forskrifta om bruk av køyretøy seier at «kjøretøy må ikke brukes uten at det er sikret tilstrekkelig veigrep i forhold til føret, om nødvendig ved bruk av vinterdekk med eller uten pigger, kjetting eller liknende».

Sjølv om vinterdekk altså ikkje er påbode, tyder dette at i praksis må me skifta hjul no. Til vinterdekk anten med eller utan piggar. Frå 1. november til 15. april er det lov å køyra med piggdekk. Elles er det verdt å merka seg at i vintersesongen må mønsteret i dekka vera minst 3 mm djupt, sjølv om du køyrer på sommardekk.

Det finst mange gode råd om kjøp og stell av dekk på ymse nettstader, til dømes hos NAF. Me foreslår at du les desse råda, spesielt dersom du vel å skifta dekk sjølv.

For deg som ikkje vil gjera jobben sjølv, er det godt å vita at det er kort veg til den nye bilverkstaden i Årskog. Då me tok turen ut til Aarskog Bilservice i føremiddag, var det kø av bilistar som endeleg hadde sett vinteren i kvitauga. Og Jurij Gulevic fekk jobben unna i ein fei; han brukte ikkje mange minutta på kvar bil.