Hausten er over oss for fullt, og før me veit ordet av det, er det glatt på vegane. Då gjeld det å vera førebudd og skodd etter føreforholda!

På Hydro Texaco i Fitjar jobbar dei så godt dei kan med å førebu fitjarbuen på vintersesongen. Dagleg leiar i JKS Bil & Deler, Jo Kjetil Strand, har fire mann i full sving. Fredag fekk dei inn 270 nye vinterdekk. Andelen piggfrie dekk har auka noko dei siste åra; no sel dei om lag like mange piggdekk som piggfrie vinterdekk. Dei piggfrie dekka har blitt betre og betre, og dei beste har eit nesten like godt veggrep som piggdekka, også på is og snø.

Her kan du lesa resultatet av den siste vinterdekktesten til NAF:
http://naf.no/no/Nytt-fra-Naf/Nyheter/Vinterdekktest-2008/

Hos JKS Bil & Deler fortel dei at dei klarer å skaffa dei fleste dimensjonar på dagen. Men det er lurt å sjekka dekka jo før jo heller. Det kan vera snø og is på vegen kor tid som helst, og det er ikkje kjekt å stå i kø for å få lagt om. Sjølv om dei gjer sitt beste på Hydro Texaco i Fitjar.

På nettsidene til Statens Vegvesen kan me lesa at bruk av piggdekk ikkje er tillate frå første måndag etter 2. påskedag til og med 31. oktober. Men «Det er føreren som må vurdere om kjøretøyet er sikret tilstrekkelig veggrep. Når det er glatt føre kan man oppnå dette ved å bruke vinterdekk med eller uten pigger, kjetting eller liknende. Kravet om tilstrekkelig veggrep veier tyngre enn fristene for når piggdekk og kjetting kan benyttes, hvis føreforholdene krever det.»