Ein uheldig lesar fortel at han gløymde å ta med seg pengane som han tok ut i mibanken til Sparebanken Vest onsdag ettermiddag.

Den uheldige lesaren vår har kontakta oss med eit ørlite håp om at det kan vera ei ærleg sjel som har teke vare på pengane hans.

Det var onsdag ettermiddag rundt klokka 15.30 han tok ut pengane, og så klarte han det kunststykket å la vera å ta dei med seg. Ein tabbe han sjølvsagt aldri har gjort før, og då han gjekk tilbake og såg etter pengane, var dei borte.

Dersom du sit på pengane, og ønskjer å gi dei tilbake til rette eigar, kan du ringja Fitjarposten på mobil 90 86 36 10. Så vil me formidla kontakt med den uheldige lesaren vår.