Konstituert politimeister  i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Edgar Mannes, har ei særskilt melding til reisande med behov for pass.

– Det har i heile landet vore ein eksplosiv auke av søknader om naudpass dette året. Alle politidistrikt er no i ferd med å gå tom, skriv han mellom anna.

I praksis tyder dette at alle som skal på utenlandsreise dei neste vekene der det er behov for pass, må sjekke om dei har gyldig pass, og snarast søkje om nytt ordinært pass dersom dei treng det.

Situasjonen med manglande naudpass betyr at reisande til utlandet som ikkje har sikra seg gyldig ordinært pass, risikerer å få reisa si kansellert.

– Vi gjentek derfor oppfordringa: Sjekk passet ditt i god tid før reisa!, seier politimeister Mannes til slutt.