Rune Holmedal, Jan Bukkøy og Johannes Tufteland sel kaffimat til inntekt for Polen-turen. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Samlar inn pant til inntekt til Polenturen.

Til hausten skal nok eit kull ved Rimbareid skule på tur med Aktive Fredsreiser. Her vil ungdomane læra om andre verdskrig, og den kalde krigen, ved å besøkja blant anna restane etter konsentrasjonsleirane i Polen og Tyskland.  

Ein lærerik tur, som kostar sitt. Difor spør 9. klasse ved Rimbareid skule om Fitjarbuen har flasker og –boksar med pant til dei.

– Me sparer deg for pantearbeidet, og du hjelper oss med å dekkja utgiftene med turen. Vinn-vinn, opplyser kullet.

Elevar med føresette vil besøkja alle husstandar i Fitjar kommune enten tysdag 7.januar eller onsdag 8.januar.

Les ogso: Tidlegare har kullet hatt bygdakafé på Kaffistova for å tena pengar til turen.