Bente Bjelland og Hilde Killingrød ynskjer seg møblar og inventar til Smedholmen. Foto:Ingrid Hovstad

Bente Bjelland og Hilde Killingrød i Smedholmen Kystlag ber folk i Fitjar om hjelp.

I førre veke skreiv me om korleis bygningane på Smedholmen vert restaurert for fleire millionar kroner. Smedholmen Kystlag ber no etter møblar og inventar til øya.

Flott tapetrest i hovudhuset. Foto:Ingrid Hovstad

– Me treng verkeleg alt, frå store møblar til smått kjøkkenutstyr. Det er nesten ingenting der no, difor lurer me på om Fitjarbygda vil vera med å bidra møblar og inventar til husa, fortel Bjelland.

Ho fortel at våningshuset skal møblerast i 1960-1970-tals stil.

– Me treng eit stort spisebord, men mange stolar. Ein salong, og kanskje nokre stolar i skikkeleg 60-tals stil, fortel Bjelland

Flotte flisedetaljar på badet i hovudhuset. Foto:Ingrid Hovstad

Det store huset skal kunna husa mykje folk, og ein treng mykje sengeplassar.

– Køysenger kan vera lurt. Badet treng skap, og kanskje eit badekar, utbryter Killingrød.

Kjøkkenet treng alt av kjøkkenutstyr, og ein treng lampar. Damene ser for seg kuplar, eller stå- eller vegglampar med klassiske 70-tals lampeskjermar.

100 år tilbake i tid

- Annonse -

Kårhuset skal derimot innreiast i 1900 – 1920 tals stil.

– Kjøkkenet treng spisebord og stolar, fortel Killingrød.

Elles ynskjer dei to damene seg ein sofa, fleire senger, nattbord og kjøkkenutstyr i 1900 – 1920 tals stil.

Inne i kårhuset. Foto:Ingrid Hovstad

– Me vert ogso glade for gamle bilete eller måleri til veggane, og stoff til å sy gardiner av til båe husa.

Bjelland og Killingrød vil vurdera om folk sin objekt er passande til Smedholmen.

– Me har leigd lager i banken, slik at me lagra småtinga til restaureringa er ferdig. Store møblar og slikt må me be folk lagre heime for no, fortel Bjelland.

Bjelland ynskjer at folk tek kontakt med ho om dei har ting som kan vera aktuelle til eit av dei to husa.