Ole Bergesen i Fitjar kultur- og idrettsbygg fortel at det framleis er høve til å melda seg på årets Wärtsilä Cup, som går av stabelen 11.-12. februar.

Eigentleg går påmeldingsfristen ut i dag, onsdag 2. februar, men Ole Bergesen fortel at dei tradisjonen tru utset fristen nokre dagar. Totalt har det meldt seg 25 lag i dei tre klassane. Ole Bergesen vil gjerne ha fleire lag i eliteklassen; her er det absolutt plass til fleire. I klassane 2 og 3 – dei opne klassane for kvinner og herrar – er påmeldinga svært bra. Særs hyggeleg er det at heile 12 lag har meldt seg på i dameklassen. Mange av damelaga er tilreisande, og Bergesen hadde gjerne sett for seg fleire lokale lag.

Han minner om at denne cupen absolutt er for dei som ikkje vil ta det for seriøst sportsleg; her er rom for dei som berre vil vera med og ha det gøy. Ole Bergesen håper på totalt 30 lag i turneringa, og har sett den endelege påmeldingsfristen til søndag 6. februar.

Nærmare info og link til påmeldingsskjema finn du i ein tidlegare artikkel i fitjarposten.no.