Likar du å springa, og kan tenkja deg å prøva orientering? Kanskje du har prøvd turorientering, og likar deg ute i naturen?

O-gruppa arrangerer tre lokale løp i haust, og ønskjer deg velkommen til å bli med. Det er nybyrjarløype og ei litt vanskelegare C-løype på kvart løp, og ikkje så vanskeleg som mange kanskje trur.

Ønskjer ein litt innføring i kartteikn eller kompassbruk, så er det berre å ta kontakt med arrangøren ved oppmøte. Orientering er òg ein fin aktivitet for barn saman med foreldre, og etter kvart som ein blir trygg i skogen, kan ein prøva seg åleine og i vanskelegare løyper.

Dei tre løpa i haust er:
Ons. 22/8 kl. 17.30: 5. løp i Fitjarkarusellen – Dalshaugane  
Ons. 29/8 kl. 17.30: 6. løp i Fitjarkarusellen – Søre Stølen (Fitjarstølane)
Tys. 4/9 kl. 17.30: 7. løp i Fitjarkarusellen og sprint/nybyrjarkarusell for Sunnhordland – Kulturhuset