Foto: Fitjar folkebibliotek

Sommaren er her, og straks tek ogso bibliotekarane ferie.

Fitjar folkebibliotek har siste opningsdag før ferien torsdag 27.juni, og held stengt til måndag 12.august. So her må ein vera om seg om ein vil låna bøker frå dei kjekke damene på biblioteket.

Dersom du har meirope er det ingen fare, då har du moglegheita til å låsa deg inn sjølv alle dagar frå kl.08 til 22. Alle som bur fast i Fitjar kommune, eller er elevar ved Fitjar vidaregåande skule, kan registrera seg. Aldersgrensa er 15 år. For å få tilgang, snakk med dei bibliotekaren. Les meir her.

Minner ogso om at alle born i 1. til 7. klasse kan delta på sommarles. Lesekampanjen har masse flotte premiar, og alle som deltek vert invitert til showet: Endre & Jørgen spelar Knutsen & Ludvigsen.