Ein god porsjon sunn skepsis er viktig når du blir opppringt av eit ukjent nummer. Foto: Kjetil Rydland.

Heile 97 prosent seier at dei blir oppringde av ukjende nummer, ifølgje ei undersøking gjennomført av Kantar på vegner av Telenor. – Ver spesielt merksam når ukjende ringjer deg, seier sikkerheitsdirektøren i Telenor.

Mange i Fitjar – som andre stader – blir ofte oppringde av ukjende nummer, av folk som ikkje vil oss vel. Fleire har «gått på» utspekulerte svindelforsøk frå ukjende som ringjer til oss for å lura oss. Frå Telenor har me fått ei pressemelding om korleis me kan passa oss, så me ikkje blir så lette å lura.

– At nordmenn opplever å bli oppringt av ukjende nummer, er ikke noko nytt. Når meir enn ni av ti seier at dei mottar ukjende nummer, er det likevel oppsiktsvekkande. Telenor blokkerer 200.000 svindelanrop dagleg, og eg vil anbefala alle å setja seg inn i korleis desse svindelanropa fungerer, seier Hanne Tangen Nilsen, sikkerheitsdirektør i Telenor Norge.

– Ver spesielt oppmerksam når ukjende ringjer deg, seier sikkerheitsdirektøren i Telenor, Hanne Tangen Nilsen. (Foto: Martin Fjellanger).

Noko er svindel, men ikke alt

Det å bli oppringt av ukjende nummer, treng ikkje nødvendigvis å vera negativt. Det kan vera ein viktig telefon frå sjkehuset, burettslaget eller også ein telefonseljar. Dessverre kan det også vera svindlarar. Problemet er at du ofte ikkje veit kva oppringinga gjeld før du har tatt telefonen.

– Dei fleste av oss har på eitt eller anna tidspunkt blitt oppringt av eit ukjent nummer. Som oftast er det uproblematisk, men det kan også vera tilfelle der ein svindlar forsøker å lura deg. Det beste hadde vore om du visste kven som ringde før du tok telefonen, seier Nilsen.

Svindlarar blir stadig mer avanserte. Ved å bruka enkel programvare kan dei kamuflera seg og skjula seg bak tilsynelatande norske telefonnummer.

– Dette er ein metode blir kalla spoofing, der formålet er å fiska ut informasjon. Dersom du blir oppringt av ukjende, er det aller viktigaste å ikkje oppgi sensitiv informasjon. Det vil seia at du aldri deler dine personlige passord, PIN-kodar eller annan BankID-informasjon, uansett kven det er som spør, seier Nilsen.

«Se Hvem er på mange måtar ein kjapp telefonkatalog i digitalisert form, lett tilgjengelig i lomma din», fortel Ric Brown, mobildirektør i Telenor Norge (Foto: Martin Fjellanger).

Slik får du oversikt

Viss du veit kven som ringjer før du svarer, har du ein fordel. Då veit du om det er ein privatperson eller ein organisasjon som tar kontakt med deg. Du er også meir førebudd dersom du faktisk blir utsett for eit svindelforsøk.

– For mange år sidan var telefonkatalogen ei kjend og kjær støtte i kvardagen. Samfunnet er for lengst digitalisert, og derfor treng vi nye verktøy. Telenor har utvikla Se Hvem, ei teneste som gir tilgang og oversikt over alle nummer og adresser i Noreg. På mange måtar er det ein kjapp telefonkatalog i digitalisert form, lett tilgjengeleg i lomma din, seier Ric Brown, mobildirektør i Telenor Norge.

Se Hvem gir deg full kontroll på kven som faktisk kontaktar deg. I tillegg sørgjer tenesta for at alle viktige nummer frå kontaktlista din blir trygt lagra i skyen, og du kan reservera deg mot telefonsal om du ønskjer det.

– Dersom eit ukjent nummer ringjer deg, kan du enkelt søkja opp kven som ringjer. For enkelte kan det også vera utfordrande å finna tilbake til ubesvarte anrop fordi du har mange nummer i anropsloggen som ikkje er lagra. Då vil Se Hvem vera til god hjelp, seier Brown.

De tre vanlegaste svindelformene:

1. «Spoofing» – misbruk av norske nummer

Dei fleste nordmenn veit å ikkje svara når det ringjer frå eit ukjent, utanlandsk telefonnummer. Telefonsvindlarar har derfor tatt i bruk ein ny strategi kalla spoofing, der ein innkomande samtale eller melding ser ut til å koma frå eit anna nummer enn det han faktisk gjer. Spoofing er først og fremst ein metode for å byggja tillit: ved å få det til å sjå ut som om dei ringjer frå eit truverdig nummer, aukar dei sjansen for at du stolar på dei.

Telenors råd: Viss du oppdagar at nokon har misbrukt nummeret ditt – ta kontakt med mobilleverandøren din, så kan dei ofte hjelpa deg ved å begrensa misbruket. Dei aller fleste smarttelefonane kan i tillegg blokkera nummer som er plagsame eller uønskte. Viss du ikkje kjenner igjen det norske nummeret som ringer deg – bruk nokre sekund på å kikka på kor mange siffer det er siffer før du svarer.

2. «Microsoft-svindelen»

Dette er eit klassisk eksempel på «phishing», der svindlaren «fiskar etter» dei personlege opplysningane dine. Ved å få tilgang til PC-en din prøver svindlaren å få deg til å lasta ned skadevare, betala for virusprogram du ikkje treng – og få tak i både kortnummer og innloggingsdetaljar til for eksempel nettbank.

Telenors råd: Verken Microsoft eller andre leverandørar av operativsystem vil kontakta deg for å be deg lasta ned program eller oppgi sensitiv informasjon på denne måten. For å avsløra denne svindelmetoden er det derfor viktig at flest mogleg kjenner til korleis den fungerer. Kunnskap er det mest effektive forsvaret.

3.«Wangiri»

Har du nokon gong blitt oppringt frå eit ukjent utanlandsk telefonnummer som berre lar det ringja éin eller et par gonger før det blir stilt? Då kan du ha bli utsett for ei svindelform som blir kalla for «wangiri». Det er japansk og betyr at oppkallet blir avslutta etter berre eitt ringjesignal.

Telenors råd: Ver bevisst kva nummer du ringjer tilbake til. Kjenner du ikkje igjen nummeret, eller ikkje ventar å få ein samtale frå det aktuelle landet, bør du ikkje ringja tilbake – uansett kor nysgjerrig du er.