Denne saka har mange sider, men nett no tenkjer me på bringebærproduksjon.

Det kalde veret er ikkje til hinder for ein god sesong, sidan temperaturen har vore stabil, uttalar Jostein Prestbø i ein kort telefonsamtale,  men stor skilnad mellom kulde og varme er skadeleg. For eit par veker sidan vart plasttunnellane på Prestbø sette opp. Det er tidlegare enn i fjor, på grunn av utsikter til sol og varme om dagen. Tunnellane er framleis opne i endane. Når ein stengjer der, er det viktig å følgje godt med. I klart ver kan det om natta bli minst like låg temperatur inne i tunnellane som ute , og den kalde lufta må sleppast ut. Det seier seg sjølv at kulde i vekstsesongen skader knoppane.

Bringebærprodusenten seier at sesongen kan starte tidlegare enn i fjor. Det ser bra ut så langt. Fjorårets juni var unormal kald og bæra modnast seint.