Katrin I. Ankervold, leiar i Utdanningsforbundet i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Katrin I. Ankervold og lærarane i Fitjar er urolege over utviklinga i skulen dersom grendaskulane blir nedlagde, slik det ligg an til i forslaget til ny skulebruksplan.

Høyringsfristen for uttalar til den nye skulebruksplanen for Fitjar kommune gjekk ut i går. Utdanningsforbundet i Fitjar uttrykkjer stor uro i sin uttale.

– Håpet ligg i politikarane sine hender, seier leiar Katrin Innvær Ankervold.

Heile uttalen frå Utdanningsforbundet kan du lesa nedanfor:

Utdanningsforbundet i Fitjar deler i stor grad tankar som vert formidla i fellesskrivet frå Selevik og Øvrebygda krinsen til politikarane i Fitjar. Administrasjonen har ikkje klart å halde seg objektive i sin presentasjon av dei ulike alternativa. Det er ei klar framstilling av at lønnsemda ved alternativ 1 er stor.

  • Utelating av kostnadar som spelemidlane ved Øvrebygda skule kom ikkje på bane før Utdanningsforbundet tok det opp i vår.
  • Lærarnorma sin innverknad på dei ulike alternativa like så. Enda til om UDF Fitjar påviste ein klar samanheng i høve lærarnorma og norma si innverknad på dei ulike alternativa, vart ikkje lærarnorma sin framskrivne verknad lagt inn med vekstprognosen (på 10 elevar) som premiss for eit estimat for utviklinga av Fitjar-skulen.

Utdanningsforbundet i Fitjar ser at administrasjonen i Fitjar peiker på endring av skulestruktur kvar gong Fitjar kommune får økonomiske utfordringar. Og med det skulle vi i Fitjar hatt eit breitt og gjennomarbeidd dokument om kva verknad ei strukturendring vil ha å sei for elevane og bygdene som vert utsett for endringane.

Så er ikkje tilfelle. Samfunnsmandatet og verknaden på lokalsamfunnet er meir eller mindre utelatt. Kvar gong strukturendringane er oppe, vert det fokuset på kva strukturendringa vil ha å sei for økonomien innafor skulesektoren, det vert i liten grad fokus på kva ei endring vil ha å sei for kommuneøkonomien generelt. Dokumenta vert lagde fram for politisk avgjerd utan å ha undersøkt verknaden av strukturendringa i samfunnsperspektiv.

Ved skulenedleggingar vert det gjerne stagnasjon eller tilbakegang i folketalet i området som vert råka.

  • I så fall vil skatteinntekter og rammeoverføringane utebli og med dertil svekking av kommuneøkonomien.
  • Vil overføringane til Fitjar kommune bli svekka i høve rammeoverføringane sitt grunnlag ved endrar? Fitjar kommune vil bli ein kompakt kommune som har alt sentralisert.
  • Spørsmålet om vegen ut til Selevik-krinsen er løfta fram. Bussen som kjem for å hente elevane til symjeundervisning, har måtta ta vendereis når føret på vinterstid er for dårleg. Likevel legg skulebruksplanen opp til den same lavkost transporten ved ein sentralisert skulestruktur. Er det realistisk?
- Annonse -

I høve den økonomiske oversynet i dokumenta er det slik at transporten vert sett til det lågaste nivå (med andre ord ikkje drosje), bortfall av forpliktingar kommunen har i høve sine spelemidlar, og utelating av lærarnorma sine krav til økonomi. Alle desse utelatingane føyer seg inn i rekkja med tiltak som svekker alternativ 1.

Argumenta som stør synet om å oppretthalde eksisterande struktur vert i liten grad vektlagde, og ev. utelatne. Utdanningsforbundet i Fitjar stiller seg spørjande til om det økonomiske grunnlaget for skulestukturendring er til stades.

Det vil i liten grad bli ei betring av kommuneøkonomien i kommunen dersom det vert fråflytting frå krinsane. Overføringar til Fitjar kommune vil verte redusert med 110 000 kr per grunnskuleelev, lågare skatteinntekter, kanskje går grunnlaget i høve nøklane til overføringsgrunnlaget ned, og Fitjar kommune kan miste overføringane for vekstkommune.

Fitjar kommune har komme inn i ein evig runddans med å peike på nedlegging av krinsskulane når dei står overfor økonomisk ubalanse.

Utdanningsforbundet ønskjer at Fitjar kommune ser på:

  • inntektspotensialet i kommunen
  • faktorar i høve ei strukturendring som vil ha konsekvensar for totalbudsjettet og rammeoverføringane for Fitjar kommune.
  • korrigere kostnadsbilete til kvart einskilt alternativ med korrekte tal og prognoser.
  • få kostnadsbiletet kvalitetssikra av eksterne. Er grendene villige til å ta over bygningsmasse for den kostnadsramma som ligg i oversynet? Til dømes vil den private barnehagen vidareføre drifta av SFO? Dersom dei ikkje gjer det – kva då? Kan familiar bli buande i krinsen?

Utdanningsforbundet stiller seg negativ til ei avgjerd i saka før saka er greidd ut med samfunnsverknader og ei god pedagogisk vurdering. Kva skule vil Fitjar politikarane ha?

Det råder vidare ei oppfatning i Fitjar-samfunnet at Rimbareid barne- og ungdomsskule kan ta imot alle elevane frå krinskulane utan at det vert pedagogiske verknader for elevane på sentralskulen. Det er innlysande at elevane i heile kommunen vil verte råka kraftig av denne omveltinga som vil eventuelt gje Fitjar-skulen ein stor sentralskule i kommunen.

​Dette må belysast slik at bodskapen kjem fram før vedtak om kva som er best for Fitjar skulen.

Nå har Utdanningsforbundet berre rørt ved enkelte punkt og klare manglar som ligg i planen. Og da har vi ikkje komme til kva konsekvensane ved å samstundes ta denne skulestrukturdebatten i lag med massive nedtrekk i skulebudsjettet. Dersom politikarane i Fitjar tenkjer å ta skulesektoren frå eit kostnadsbilete på ca. 49 millionar i dag til eit kostnadsbilete på ca. 39 millioner, vil skulesektoren i Fitjar vere ein skule kor alt i skulen vil ligge på eit minimum av kva undervisninga treng.

Utdanningsforbundet i Fitjar håper at politikarane i Fitjar ikkje tek 20 % av midlane kommunen får for å drifte skulen over til andre formål, men lar elevane få ein god skule.

Med vennleg helsing
Katrin I. Ankervold
Leiar i Utdanningsforbundet Fitjar