Stemningsfullt i tunet på Helland i fjor. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

LitlaOla tunet sin julemarknad lokka rundt 700 besøkjande i fjor, no håpar Reidun Ahrens Helland på ny suksess til helga.

– Me tilbyr eit nostalgisk julemarknad med ein god gjeng lokale aktørar, som tilbyr eitt bredt utval av sjølvproduserte varer og godsaker, fortel Helland. Ho kan nemna at aktørar som jojo’s hobbytoving, Fitjar gardsmat og Fitjar Island kjem.

Reidun Ahrens Helland gler seg over godt med folk og god stemning på julemarknaden. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Reidun Ahrens Helland lokkar med flott julemusikk, og gratis tilbod for dei minste.

– Skulekorpset, Fitjar musikklagg, Harald og Arve Rydland, og Helena og Kristine Gilje kjem og framfører nydeleg musikk. Det vert gratis juleverkstad og eventyrstund for ungane.

Julemarknaden er open fredag frå kl.16-19, og laurdag kl. 12-19.