Turmarsjen starta rfrå Fitjar Idrettspark klokka 11. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Vis styrke i motbakkane, eller kos deg med kaka ved B12. Valet er ditt.

Den sjette Midtfjelletdagen nærmar seg med stormskritt. I fjor vart dagen ein folkefest med fleire hundre til fjells, og med like tettpakka program i år vert det nok ein ny suksess den 7.september.

Dei mest hardbarka kan prøva seg på Sunnhordland sitt tøffaste motbakkeløp. 4,5 km, 350 høgdemeter, og store pengepremiar. Startskotet går kl.13.00 frå Fitjar Idrettspark.

For dei som heller vil rusla opp, startar turklassen kl.11.00. For dei orienteringsglade vert det fleire løyper og nivå i ope grovkupert fjellterreng. Oppmøte ved B12, og skyttelbuss for dei som ikkje vil gå frå Olstjødno. Start frå 13.00 (nybyrjarar kan byrja frå 12.30), og fri start i alle løyper.

Løparane vil gå i mål ved mølle B12 ca. kl. 13.20-13.45. Her blir det etablert kiosk og stand. Det blir premieutdeling for motbakkeløpet og orienteringsløpet «Møllesprinten», før retur med buss kl. 14.00. Ved B12 vert det ymse aktivitetar for store og små, med underhaldning, samt gratis pølser, is, kaker, vaflar, saft og kaffi.

Så her er det ingen grunn til å sitja heime 7.september!

Midtfjellet Vindkraft er oppdragsgivar, og Fitjar idrettslag står for den praktiske gjennomføringa av hendinga. Målet er å dra flest mogleg til fjells og bruka området i vindmølleparken.

Påmelding til motbakkeløpet «Først til mølla». Påmelding til orienteringsløp finn du her.