-Me vonar å kunne opne Fitjar Sjø og Camping allereie sesongen 2008. Men då må me få tak i arbeidsfolk, seier Kristoffer Dalen til fitjarposten.no

Men dei er allereie godt i gang med å planere ut grunnen til administrasjonsbygget. Så skal det planerast ut ovenfor òg, der det etterkvart skal koma hytter.

-Sjølvsagt vil me ikkje vere klar med alt til sommaren. Men ein del av campingplassen vonar me å ta i bruk allereie då, smiler Kristoffer som saman med kona Randi var i gang med vidare nivellering då me stakk utom tomta i ettermiddag.

No er utfordringa å få tak i arbeidsfolk til det arbeidet som skal gjerast, og det er ikkje berre enkelt i ei byggjeboom-tid.

Campingplassen skal liggje ved vegen mot Fitjar Laks, like nedanfor den nye vegen inn til Kråko.