Det er vel kjent i Fitjar at Hans Engel Ivarsøy har opparbeidd ein unik ekspertise på reparasjonar av ymse tekniske innretningar. No har han starta opp for seg sjølv med firmaet Altimek.

Han held til i kjellaren til Varehuset Rydland, og fortel at det er berre å koma om du treng hjelp med plenklypparen, motorsaga, sykkelen, påhengsmotoren eller elektrisk verktøy, som treng fiksast.

Opningstidene til Hans-en er i frå 08.00 – 16.00, og mobilnummeret er 958 71 570.