Over 400 fann vegen til Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag kveld for å møta den kjende coutryartisten Hanne Sørvaag.

Ole Bergesen lova oss ein magisk kveld, då han presenterte Hanne Sørvaag, Steff Nevers og dei andre musikarane. Og skal me dømma etter applausen og deltakinga på dansegolvet i idrettshallen, blei ikkje publikum skuffa.

Den populære låtskrivaren og artisten gav folk det dei hadde komme for, med både eigenproduserte og andre kjende låtar. Med «Will the circle» fekk ho heile salen til å vera med og klappa. Folk trekte ut på dansegolvet etter kvart som Hanne Sørvaag og musikarane presenterte låtar «som eignar seg til å dansa tett inntil nokon», som ho uttrykte det. Ikkje minst under avslutningsnummeret var det trongt om plassen på dansegolvet.

Stavanger-jenta viste at ho har eit godt tak på publikum. Den kjende artisten «flørta» og gav mykje av seg sjølv, og blei sett stor pris på. Ikkje minst bemerkninga på slutten: «Tida gjekk så altfor fort – men me kjem jo snart tilbake». Til liks med publikum ser me gjerne denne sjarmerande dama og musikarane hennar igjen på Fitjar.