Det blei ingen suksess for dei to ovbygdarane som stilte til start under bilcrossopninga i Bergen i går.

Både Jonas Koløen Lønning og Gisle Aarbø hadde godt håp om å nå B-finalen i gårsdagens bilcrossopning på Eikås Motorsportsenter i Åsane. Men begge hamna langt bak i leksa; Gisle blei best med ein 15. plass, medan Jonas kom endå lenger bak på 17. plass.

Jonas fortel til fitjarposten søndag kveld at bilen hans ikkje fungerte optimalt. No er han alt i gang med å skifta fjører og demparar, for å få bilen til å henga betre i svingane. Neste konkurranse går av stabelen 30. april og 1. mai, i Vikedal. Det er heimebanen for gutane frå Fitjar Racing Team, og Jonas er sikker på å gjera det betre der. Dei plar alltid gjera det godt i Vikedal.