– Me treng handlefrie helger, skriv tidlegare fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i dette lesarbrevet.

Vi treng handlefrie helger



Høgre og FrP vil ha søndagsopne butikkar over heile landet. Det er ein dårleg og dyr ide for oss forbrukarar. Det er vi som må ta rekninga.

Og verdas rikaste land vert fattigare på opplevingar når handel tek over for andre og sunnare søndagsaktivitetar. 

Dei tre store private aktørane Rema, NorgesGruppen og ICA går ikkje inn for å opna alle butikkane på søndag, men dei vil gjerne ha nokre Brustad-buer opne. Dei veit at det er familiane som må betala rekninga for helgehandelen. KrF vil stenga all søndagshandel, også fordi det gjer lågare prisar. Dette er og eit verdispørsmål i miljøkampen. Skal vi nå klimamåla vi har sett oss her i Norge, må forbruket ned. Søndagsopne butikkar vil ikkje hjelpa på det.

Det er ei stor misforståing at Norge har «utvikla» seg til eit samfunn der helgehandel er nødvendig. Vi må verna skilnaden mellom arbeid og kvile. Vi treng søndagen som annarleisdagen der kassaapparata og kan kvile. Dette er ikkje berre av omsyn til dei som må jobba på søndagar, men eit omsyn som også gjeld folkehelsa.

Folk bruker søndagen ulikt. Nokre går på tur, andre går i kyrkja eller på dei mange sportsarrangement. Det er eit stort gode at vi har ein dag til disposisjon for familie, vener og ulike aktivitetar.

Vi vil oppfordre alle parti og alle veljarar til å hegna om helga. Det er djup visdom i dette sitatet frå ein biskop: Blir alle dagar like, blir alle dagar like grå.

Det er det siste vi treng.

Torill Selsvold Nyborg
 Hordaland KrF