Endeleg fekk Sukhwinder Koløen det handfaste beviset frå ordførar Wenche Tislevol på at han var vinnaren av Frivilligprisen 2014. Det skjedde under Frivilligsentralen si samling torsdag kveld.

 Sukhwinder Koløen hadde fram til torsdag nesten ikkje hatt tid til å kjenna etter korleis det var å vinna ein slik pris. Han hadde rett og slett hatt det for travelt.

– Det er eigentleg karatetrening i kveld, og eg skal på jobb seinare i kveld, så eg lurer nesten på kor lenge dette kjem til å vare, sa han med glimt i auga rett før seremonien starta. Men han haddde planlagt treninga, så medinstruktørane visste godt kva dei skulle gjera medan han sjølv vart gjort stas på. Også skiftet på «verftet» hadde fått beskjed og sett inn turvande tiltak. For utdelinga av ein slik pris skal det mykje til å stå over.

Det er som, kjent for, Koløen sitt mangeårige engasjement i karatemiljøet i FItjar han får prisen. Alt som fireåring starta han med kampsport, då familien budde i Bergen. Det fortsette han med då dei seinare flytta til Fitjar.

I 2007 grunnla han karateklubben i Fitjar. Frå å vera ganske få karateutøvarar både i Fitjar og områda rundt, har miljøet blitt så stort at det er tre treningar i veka i gymsalen i Øvrebygda med stinn brakke, alt takka vere Koløen sitt brennande engasjement for sporten. I takketalen sin sa Koløen at det er stort å få ein slik pris og bli lagt merke til; – Eg driv berre på med det eg brenn for. Og: – Denne prisen gir meg guts til å halda på vidare, sa han då han fekk diplom i handa.

Å halda på slik over mange år har kosta, og han passa på å takka familien som har late han halda på, og mora som i si tid fekk han til å byrje med kampsport.

Ein uventa prikk over i-en blei sett då sceneteppet i kultursalen i kultur- og idrettsbygget glei til side, og medlemmene i karateklubben sat klare og gjennomførte ein demonstrasjon av det dei kan, noko ein rørt og stolt hovudinstruktør takka for.

 

Jubileum

Leiar av frivilligsentralen, Ellinor Bergesen, nytta høvet under samlinga til å kasta eit blikk over historia til sentralen i FItjar, som er inne i sitt 15. år. Det var eit tilbakeblikk med bilete frå nokre av aktivitetane som internasjonale dagar og ungdomstilbod, men også å sjå på oppgåver som kjem framover, som utkjøring av strøsand, for å nemna noko av det som kjem i nær framtid.

Bergesen sa fleire gonger at ho var imponert over den store innsatsen dei frivillige i Fitjar legg ned på mange område, både som einskildpersonar og gjennom organisasjonar, så også neste år burde det dukka opp ein verdig kandidat som har gjort noko ekstra for bygda.

 

 

Ingressbilete: Med pomp og prakt fekk Sukhwinder Koløen  diplomet frå ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Arne Vestbøstad