Eit talrikt heimepublikum måtte tola tre strake handballtap søndag ettermiddag, men spelet var langt frå håplaust.

Handballdagen starta med oppgjeret mellom Fitjar og Kvinnherad 2 i klassen jenter 12 år. Heimelaget heldt godt følgje til det var att rundt fire minutt, då det stod uavgjort 9-9. Men på slutten scora gjestene tre raske mål, og kunne gå av banen med 12-9.

Gutane i 14-årsklassen starta godt mot Fana 3. Spesielt Hafsteinn Runarsson imponerte med fine dragningar og smarte skot. Noko som gav fine mål, og leiing 9-7 ved pause. Utover i andre omgang heldt Fitjar godt følgje, men slagkrafta var noko redusert av at Hafsteinn fekk seg ein skade. Når også playmakeren Jonathan Tranøy var hemma av skade, blei det etter kvart litt for tannlaust av Fitjar-gutane. Gjestene frå Fana på si side begynte å treffa mål, og det blei mindre og mindre rørsle i heimelaget. Dermed blei bortesigeren så klar som 22-15.

Dagen blei avslutta med ein ny kamp for jenter 12, mot Kvinnherad, denne gongen førstelaget til gjestene. Heimelaget heldt godt følgje lenge, men heller ikkje denne gongen heldt det heilt inn for tapre Fitjar-spelarar. Det blei etter kvart mange utvisningar på heimelaget, og gjestene sikra seg ein klar siger 14-10.

Begge dagens Fitjar-lag har eit visst potensial, og har ingen grunn til å henga med nebbet etter nederlaga. Meir rørsle og tettare fokus gjennom heile kampen kunne gitt betre resultat, og me gler oss til å sjå vidare framgang.

Fitjar sitt lag J12 (scoringar i parentes): Malene Solli (keeper), Tina V. Nordfonn (3,1), Mathilde B. Rydland (2,2), Nora Marie Hellesund, Vilde Vestbøstad (4,2), Emilie T. Nesbø (0,3), Viktoria Nordbustad, Rebekka Tverborgvik (0,2), Elin Heggøy, Maria S. T. Koløen.

Fitjar G14 (scoringar i parentes): Marius Strand (keeper), Fredrik Vik (1), Jonathan Tranøyt (2), Torstein R. Kjelling, Arild F. Waage (4), Hafsteinn Runarsson (5), Jon Andreas Hopperstad, Håkon Sørfonn, Morten Ivarsøy, Marcus T. Opshaug (3).