Fitjarbuen Vegard Hareide veit framleis kor målet står, kan me konstatera etter dagens seriekamp på Stord.

Dei siste sesongane har Vegard spela fast på Stord Elite 2 i 2. divisjon. Her er han fast mann og blant dei som er på banen heile tida.

Også i dag spela Vegard alle 60 minutta, men plassert ute på vingen viste han ikkje så godt igjen som han ofte gjer når han spelar høgreback. Med det laget Stord stilte med i dag, såg det ut til å vera naturleg at Vegard, med den gode venstrearmen, spela høgreving.

Som vanleg fekk me sjå ein Vegard som gjorde jobben sin, og han scora fleire fine mål frå vingen.

Ikkje spøk å vera keeper når Vegard kjem gjennom og bankar til med venstreslegga si. Foto: Kjetil Rydland.

Artig var og gjensynet med ein gammal kjenning frå idrettshallen i Fitjar, Fredrik Skjerve Jensen. Dette er ein mann som Vegard har trent saman med i mange år, og dei to viste mykje fint samspel i stort tempo. Dagens kamp viste at også Fredrik er i fin utvikling som handballspelar.

Fredrik Skjerve Jensen let til å vera i støtet for Stord 2. Foto: Kjetil Rydland.

Førre kamp mot Bergen Vest enda  med tap 40-38, men i dag var ikkje Stord til å stoppa. Spelande trenar Jonas Sjølin scora gong på gong frå midtbacken, og i mål stod Tor Christian Sæbø ein glimrande første omgang. Dei to var nok tunga på vektskåla, som gjorde at Stord kunne gå av banen med så klar siger som 35-26.

Tor Christian Sæbø viste periodevis keeperspel i toppklasse. Foto: Kjetil Rydland.

Me konstaterer at Vegard Hareide held koken, og ser fram til å sjå han igjen i nye kampar i vinter.