Gutane i 14-årsklassen spela to kampar søndag, tapte den første og vann den andre.

Fitjar-gutane spela to flotte kampar søndag. Den første enda med tap, 21-23 mot Bjørnar 2. Her viste dei noko av det beste spelet dei nokon gong har vist, men det heldt altså ikkje heilt inn.

I den andre kampen spela dei nesten like godt, mot Fana. Her enda det med ein velfortent siger 18-16, etter 10-6 ved pause. Både innsats og spel var eigna til å gle eit publikum som ikkje er altfor godt vant med handballsigrar. No fekk gutane vist at det er potensial i laget, og handballpublikum i Fitjar kan sjå fram til fleire kampar med ei viss forventning.

Terminliste, resultat og tabell kan du lesa på sidene til handball.no: