Handballgutane til Fitjar vann 14-årskampen mot Gneist 2 søndag ettermiddag.

Dette er eit lovande lag som har gledd Fitjar-publikummet med mykje godt spel i fleire år. Dessverre for dei tapre gutane har resultata ofte bikka feil veg, men i dag lukkast dei.

Kampen mot Gneist skifta heile vegen. Etter at Fitjar-gutane kom best i gang, overtok gjestene heilt, og gjekk til pause med leiing 9-6. Men heimelaget kom tilbake, og heile andre omgang skifta laga på å ha initiativet.

Dei siste minutta måtte gjestene spela med ein mann mindre, etter at ein av spelarane deira fekk raudt kort. Etter som dei ikkje hadde nokon å setja innpå, måtte dei avslutta kampen med fem utespelarar.

Men det tar på ingen måte glansen frå sigeren til Fitjar-gutane, som kjempa godt heile kampen. Og kunne avgjera med to mål i sluttminutta, og jubla for siger 18-16. Toppscorar blei som vanleg Jonathan Tranøy, med ni mål.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Marius Strand (keeper), Morten Ivarsøy, Torstein Raunholm Kjelling, Arild F. Waage (5), Jonathan Tranøy (9), Andreas Nordbustad, Magnus Raunholm, Fredrik Vik, Hafsteinn Runarsson (3), Jan Andreas Hopperstad (1), Håkon Sørfonn.