Fitjar-gutane i 12-årsklassen slo gjestene frå Sædalen 12-11 i ein spanande kamp torsdag kveld.

Det har etter kvart blitt langt mellom heimesigrane i idrettshallen, men i kveld fekk me sjå gutane vinna ein knapp, men fortent siger. Tolvåringane våre leia nesten heile kampen mot Sædalen, utan at dei klarte å dra frå gjestene sine.

Ved pause stod det 6-4 til Fitjar, og ei stund var dei oppe i ei tremålsleiing. Men midt i andre omgang utlikna Sædalen og gjekk opp i leiinga 8-7. I sluttminutta var det svært jamt, og kampen kunne vippa begge vegar. På stillinga 11-11 scora Torstein Raunholm Kjelling sigersmålet for Fitjar, 53 sekund før slutt. I dei høgdramatiske sluttsekunda hadde den gode heimekeeperen Arild F. Waage ei kjemperedning, slik at heimelaget kunne innkassera ein svært kjærkomen siger. Toppscorar for Fitjar var Marcus Opshaug Tranøy med seks mål.