Handballdamene til Fitjar IL dominerte kampen mot Lyngbø tysdag kveld, og vann til slutt 22-19.

Sjølv om det blei siger mot tabelltrear Lyngbø, var sigersjubelen noko avdempa då dommar Håkon Tverborgvik bles av kampen. Det skuldast nok den litt rufsete avslutninga av kampen. Men dei har så absolutt grunn til å jubla etter to poeng mot eit av dei betre laga i puljen.

I tre kvarter spela Fitjar-damene fin handball, og såg ut til å gå mot utklassingssiger mot bergensarane. Eit knapt kvarter før slutt stod det 20-11 til Fitjar, men derfrå og inn var det jamt slutt.

Fitjar-damene bomma på skota sine, og scora berre to mål siste halvdel av andre omgang. Men gjestene frå Bergen begynte endeleg å få litt flyt i spelet sitt, og åt seg sakte, men sikkert innpå. Ved kampslutt stod det 22-19 til Fitjar, som faktisk let gjestene vinna andre omgang med tre mål.

Damene har nok eit og anna å snakka om etter kampen, men kan i alle høve jubla for to særs velfortente poeng. Neste heimekamp er søndag 7. desember mot Kleppestø. Terminliste og tabell for 5. divisjon kan du studera her.

Fitjar sitt lag mot Gneist 2 (scoringar i parentes): Lisa Folkedal (k), Ida S. Fitjar (k), Charlotte Ayoe Levåg (8), Randi Thorland (1), Miriam Almås (3), Maria Larsen (2), Lillian Gjuvsland (1), Julie S. Jesen (1), Ingvild Rimmereid (6), Marita Nysæther, Vilde R. Kjelling.

Ingressbilete: Lillian Gjuvsland tar frikast på slutten av første omgang . Foto: Kjetil Rydland.