Oda Volden de Fine og Ingvild de Fine Olsen dømte G11.

Med kampar i aldersbestemte klassar og trekning i det store julelotteriet i dag har handballfolket i Fitjar teke juleferie.

Gutane i elleveårsklassen fekk to kampar i dag, utan kapra poeng. Først blei det 8-13-tap for Kvinnherad, og deretter 10-20 for Mathopen. Tolvårslaget for jenter var litt nærmare poeng, då dei tapte med berre eitt mål. Dei heldt lenge følgje med Nordnes 2, og resultatet blei respektable 10-11.

Då fekk dei meir å jubla for, dei som hadde teke lodd i det store julelotteriet til handballgruppa. Næringsdrivande frå Fitjar, Stord og Austevoll hadde gitt ei rekkje fine premiar, og i dag blei vinnarane trekte ut.

Her kjem resultat frå trekninga:

  • Flybillettar tur/retur Stord-Oslo for to personar med Stordflyet: Gro og Lars Rydland
  • 3 rettars middag for to personar Haaheim Gard: Torunn Johansen
  • Middag for to personar, Bekkjarvik Gjestgiveri: Laila Træet Korsvik
  • Deckvest cento junior redningsvest frå Sea@Safe Askøy: Viktoria Nordbustad
  • Pinnekjøtt side frå Rema 1000 Fitjar: Odd Tveita
  • Pinnekjøtt side frå Spar Fitjar: Sissel Jørgensen
  • Proviantkasse frå Kiwi Sagvåg: Siv Marita Helland
  • Gåvekort 250 kr frå Amfi Senter: Inger Johanne Havn
  • Gåvekort 250 kr frå Heiane Storsenter: Astrid Pletten
  • Gåvekort MX sport 500 kr frå Tveit regnskap: Ingrid og Ragnar Helland
  • Gåvekort Multihandelen 500 kr frå Tveit regnskap: Marie Hollund
  • Gåve frå Galleri Flora: Bjørg og Sigmund Vestbøstad
  • Bag og handball frå Hummel: Rune Helland
  • 4 stk. hageputer verdi 600 kr frå Coop Obs Bygg: Mari Lønning
  • Signert kokebok, Heine Totland: Fam. Lars Ove Rimmereid
  • Turpakke frå Intersport Heiane: Oddvar Bauge
  • Gavekort 300 kr frå Hageland: Hildegunn Strand
  • Lamper frå Clas Ohlson: Victoria Nordbustad
  • Lamper frå Clas Ohlson: Audun Sætre
  • Lite Juletre med belysning verdi frå Clas Ohlson: Signe Heggøy
  • Gåve frå Europris: Henriette Tranøy
  • Gåve frå Europris: Jone Nesbø
  • 5 billettar på Fitjar Kino: Gunnar Halleråker
  • 3 pk. bambussokker frå Mikkelparken: Maya G. Hjøllo
  • 3 pk. bambussokker frå Mikkelparken: Joakim Isdahl Helland
  • Billett til kamp for 2 personer, Stord handball, herrelaget: Torhild Alsaker
  • Ullteppe frå Opero: Astrid de Fine

Rett trekning vert vitna: Mette Haldorsen, Trude Strand og Annlaug de Fine.

Handballgruppa rettar ei stor takk til alle dei som har vore med og gitt premiar til lotteriet. Utan dei hadde det ikkje blitt noko lotteri.

– Me vil òg få takka alle som har kjøpt lodd, seier Mette Haldorsen.

No tar handballgruppa juleferie, og styret vil ønska alle ei riktig god jul!

G11 i aksjon.
Jentelaget møtte Nordnes 2.
- Annonse -