I år er Fitjar Idrettslag representert i Holstebro Cup for 5. år på rad. Laget som reiser til Danmark er jentene som spelar i 16-årsklassen. Trenaren deira, Bengt Monry Olsen, reiser til Holstebro Cup for 4. gong, og kan ikkje tenkja seg ein finare påskeferie.

Av jentene som reiser er det berre to som manglar "internasjonal erfaring". Alle dei andre var med til Holstebro i fjor. Heile laget ser slik ut: Kristine Korsvik, Siri Eidsnes, Benedikte M. Berrefjord, Anna Torland, Ingrid Einarsen, Marte Torland, Ingvild Rimmereid, Martine Hareide, Ingunn E. Sørvik, Ida Maria Ahrens, Karoline Nerhus og Hanne Arnevik. I tillegg til Bengt M. Olsen reiser desse leiarane med laget: Ann-Helen Hareide, Einar Matre og Lars Bjarne Korsvik.

For å finansiera turen har jentene arbeidd mykje dugnad for Engevik & Tislevoll AS, olja eikelister for Vik-Sandvik AS. I tillegg har dei fått støtte frå handballgruppa og hovudlaget i Fitjar Idrettslag. Eigendelen per spelar er på 400 kr. Når alt dette er inkludert i felleskassen, dekkjer den alle fellesutgifter, til reise, opphald og mat.

Kampane i Holstebro Cup startar ikkje før fredag morgon, men Bengt Monry fortel at dei reiser allereie måndag for å få eit par dagar saman i Danmark først. Poenget med å reisa så tidleg er at dei vil ha tid til å trena og ha det kjekt saman. Tysdag og onsdag blir det trening, og elles står bowling, gokart og bading på programmet.

Torsdag kveld er det opningsseremoni, og fredag morgon kl. 07.40 spelar dei første kampen sin. Utover fredagen blir det to kampar til, og så to kampar laurdag. Dersom dei går vidare frå gruppespelet, er det cupkampar på søndagen. I fjor blei det mange tap, men Bengt Monry fortel at dei har hatt stor sportsleg utvikling i år. Så no satsar dei på å vinna mange kampar.

Fitjarposten kjem tilbake med rapportar og resultat under vegs. Interesserte kan og halda seg orienterte på nettstaden til Holstebro Cup: www.holstebrocup.dk