Jentelaget i 14-årsklassen slo Tysnes 10-8.

Fitjar sitt 14-årslag møtte Tysnes til heimekamp torsdag kveld. Det var Tysnes som fekk inn det fyrste målet, men anført av Amalie Korsvik utlikna Fitjar-jentene, og var snart i leiinga. Til pause hadde Fitjar ei tomålsleiing.

Tysnes-jentene hadde ikkje tenkt å gi seg, og då det var 2 minutt att av kampen, låg dei berre 1 mål bak. Fitjar fekk ei av sine jenter utvist, og tilskodarane beit negler og frykta at sigeren skulle glippe. Janne Vågen viste stor vinnarvilje då ho sprang gjennom heile Tysnes-forsvaret og scora det siste målet.

Gode dommarar var Celine V. Lunde og Hilde Anette Ebbesvik.