Fitjargutane i tolvårsklassen imponerte igjen i dag, då dei utklassa Vadmyra på heimebane.

Gutane følgde opp den fine innsatsen frå førre søndag og gårsdagens siger mot Sædalen i Bergen. Vadmyra er nok eit av dei svakare laga i serien, men tolvåringane våre imponerte med mykje fint spel. Dei tok straks kommandoen, og gjekk opp til 9-0 før gjestene klarte å redusera. Med pauseresultatet 14-3 var kampen avgjort.

I andre omgang slakka Fitjar-gutane av på tempoet, og sleppte gjestene inn att i kampen. Men ikkje verre enn at dei auka leiinga, og kunne innkassera ein utklassingsssiger på 24-12.

Toppscorar for Fitjar blei Marcus Opshaug med 10 mål, medan Hafsteinn Runarsson scora fem. Dei andre måla til Fitjar blei fordelt på alle dei andre utespelarane. Dermed var det berre keeper Marius Strand som ikkje kom på scoringslista. Mot slutten av kampen gjekk han fram på banen fleire gonger for å scora, men utan å lykkast. Han skal likevel ha ros for godt keeperspel, og var med på å avgjera kampen for innsatsfylte Fitjar-gutar.

Fitjar sitt lag (mål i parentes): Marius Strand (keeper), Arild Fitjar Waage (2), Marcus Opshaug (10), Fredrik Vik (1), Jon Andreas Hopperstad (1), Hafstein Runarsson (5) Torstein Raunholm Kjelling (2), Markus Gerhardsen (1), Sander Havn Nesbø (1), Morten Ivarsøy (1).