Etter fleire gode kampar i haust måtte Fitjar-gutane i 12-årsklassen tola eit klart tap mot Fana 2 søndag ettermiddag.

Gutane heldt godt følgje med gjestene sine i første omgang, og låg under med berre to mål ved pause. 6-8 let seg absolutt høyra, og kampen var på ingen måte tapt. Me spelet ville ikkje flyta i andre omgang. Det blei mange skot frå langt og vanskeleg hald, utan at det gav resultat. Gjestene frå Fana, derimot, scora det eine målet etter det andre, og seig ubønnhøyrleg frå. Dermed blei bortesigeren så klar som 18-11.

For Fitjar-gutane var dette eit lite steg tilbake, etter mykje godt spel i haust. Toppscorar for Fitjar blei Hafstein Runarsson med fem mål.  

Laget til Fitjar (scoringar i parentes):
Arild Fitjar Waage
Marius Strand
Fredrik Vik
Håkon Sørfonn
Morten Ivarsøy
Jon A. Hopperstad
Sander Havn
Torstein R. Kjelling
Hafstein Runarsson (5)
Marcus Opshaug (2)
Jonathan Tranøy (4)
Markus Gerhardsen