Tolvåringane til Fitjar tapte den jamne heimekampen mot Sandviken laurdag ettermiddag.

Fitjar-gutane i 12-årsklassen har spela fleire gode kampar denne sesongen, og heimekampen mot Sandviken i dag var ikkje noko unnatak. Dei heldt godt følgje med gjestene sine i første omgang og låg under med to mål 7-9 ved pause. I byrjinga av andre omgang gjekk dei opp til 10-10 og uavgjort.

Då kunne kampen lett ha vippa rette vegen for innsatsvillige Fitjar-gutar. Men gjestene hadde ein svært god keeper, som redda fleire skot som vanlegvis går i mål på dette nivået. Når heller ikkje forsvaret til Fitjar var tett, måtte det dessverre enda med tap. 11-14 mot bergenserar frå Sandviken lar seg likevel høyra.

Toppscorarar for Fitjar blei Jonathan Tranøy og Markus Gerhardsen. Sistnemnde fekk eit aldri så lite gjennombrot i denne kampen.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Arild Fitjar Waage (2)
Jonathan Tranøy (3)
Jon Andreas Hopperstad
Marius Strand (1)
Torstein Raunholm Kjelling
Håkon Sørfonn
Markus Gerhardsen (3)
Marcus Opshaug
Sander Havn
Morten Ivarsøy (1)