Etter kampane påskeafta er handballgutane frå Fitjar ferdige i Holstebro Cup i Danmark og legg på heimveg i dag.

Trenar Bengt Monry Olsen fortel til Fitjarposten at handballaget ikkje klarte å nå finalen i C-sluttspelet, etter ein uavgjort, ein siger og eitt tap i kampane påskeafta. Laurdagen starta med kamp kl. 07.30 mot St. Restrup IF. Trøytte gutar sleit med å få fart og rytme i spelet. Det enda til slutt uavgjort 14-14. Eit resultat dei slett ikkje var fornøgde med, dei burde ha vunne klart, meiner Bengt Monry.

Kamp nr. 2 blei mykje betre, farten og arbeidsviljen var tilbake, og dei kjørte over Dybvad Håndball-Flauenskjold (DHF). Dei leia med 6 mål til pause, og vann komfortabelt 20-18 etter å å ha rota litt mot slutten av andre omgang. I går ettermiddag kl. 16.10 møtte dei Løve/Høng Håndbold i siste og avgjerande kamp i C-sluttspelet. Vinnaren av denne kampen ville gå til semifinale på søndag. Trenar Bengt Monry Olsen meiner dei spelte ein knallgod kamp, men måtte gi tapt for eit fysisk og spelemessig sterkt lag. Tap 24-18 var eigentleg greitt nok, Løve/Høng var best.

Ein fornøgd trenar oppsummerer med at det har vore lærerikt å vera i Danmark og møta gode lag. Han har gledd seg over gode prestasjonar av alle spelarane. Trenaren er også stolt og fornøgd med at Fredrik Skjerve Jensen og Vegard Hareide er tekne ut til å vera med på regional landslagssamling for 1996/97-modellar i Bergen seinare denne månaden.Gutane har storkost seg, og både trenaren og oppmann Magne Vestbøstad er veldig godt fornøgde med dei. – Kjempeflotte ambassadører for sin klubb, seier Bengt-Monry Olsen til slutt – før han rettar ei stor takk til «reservemamma» Ann-Helen som tok vare på alle.