Ronald Hareide takka nei til å halda fram som leiar i handballgruppa i Fitjar Idrettslag, og årsmøtet tysdag kveld klarte ikkje å få ein ny leiar på plass.

Det er slett ikkje noka vanstyrt skute Ronald Hareide no forlet. Av årsmeldinga som Ronald la fram på årsmøtet, går det fram handballgruppa har bak seg eit år med god sportsleg aktivitet. Det har vore seks lag påmeldt i serien, av desse berre to gutelag. I tillegg blei det meldt på eitt minihandballag. Damelaget har også denne sesongen eit stort innslag av stordabuar, og dette samarbeidet har blitt ein stor suksess. Damelaget klarer seg svært godt i serien. Ronald Hareid trekte òg fram eit anna lag som klarer seg godt. Gutelaget i 15-årsklassen har fått med seg to stordabuar, då Stord ikkje klarte å stilla lag i denne klassen. Dette laget hevdar seg svært godt, og planlegg å reisa til Danmark for å spela handball i påskehelga.

Heller ikkje i kveld gjekk fitjarbuen mann av huse for å vera med på eit årsmøte. Berre 9 handballfolk møtte opp på det rolege årsmøtet utan dei heilt store og kontroversielle sakene. Styret la fram ein rekneskap som vitna om ryddig økonomi, med overskot i sesongen som gjekk. 

Etter at årsmøtet ikkje klarte å få ny leiar på plass, er vona at ny leiar for handballgruppa kan veljast på årsmøtet i Fitjar Idrettslag, hovudlaget. Dette årsmøtet blir avvikla onsdag 22. februar. Med seg i styret vil den nye leiaren få desse styremedlemmene: Terje Aleksandersen, Anne Randi Naurstad, Ronny Reigstad, Terje Koløen og Mai R. Engevik (varamedlem).