Etter ein lang sommarferie startar handballsesongen denne veka.

Leiaren i handballgruppa, Charlotte Solberg, ønskjer gamle og nye spelarar velkomne på trening. Nokre av laga startar treninga tysdag denne veka, medan dei andre kjem etter i løpet av dei første dagane. Det er lagt ut informasjon om dette på Facebook-sida til Fitjar Idrettslag, og det er levert ut informasjon på skulane. Dersom du likevel ikkje finn ut kva tid ditt lag skal trena, kan du ta kontakt med Charlotte Solberg på telefon 97 50 33 31, får me opplyst. 

Dei eldste laga held fram i Hordalandsserien, medan dei yngste laga spelar mot lag frå distriktet vårt her i Sunnhordlad. Det blir då kampdagar der ein spelar mange kampar på same dagen. Dette fører til mindre reising, og me får stor aktivitet i idrettshallen på Fitjar desse dagane. – Då må gjerne både unge og vaksne koma og sjå på, oppmodar Charlotte Solberg.

Men før sesongen er skikkeleg i gang, arrangerer handballgruppa HaFo Cup. Førstkomande helg, fredag 30. august, og laurdag 31. august, blir det full fart i idrettshallen med spelarar frå 4.-10. klasse frå Fitjarskulane. Ein spelar ein omgang med fotball og ein omgang med handball. Det er ikkje så mange spelarar på banen som i ein vanleg kamp, og dei fleste stiller med blanda lag, altså gutar og jenter på same lag. Mange har vore med på Leirvik tidlegare år, men det er første gong handballgruppa arrangerer ein slik cup på Fitjar, fortel Charlotte.

Dei eldste spelarane, 8.-10. klasse, sine kampar går fredag kveld, medan 4.-7. klasse spelar sine kampar heile laurdagen. Me har mange påmeldte lag, og gler oss til stor aktivitet i hallen, seier handballeiar Charlotte Solberg. Fredag startar kampane klokka 17.00, og laurdag startar kampane klokka 08.30, og held på til kl 18.00 om kvelden.  

Etter kampane blir det diskotek, først for dei yngste (4.-7. kl) kl 18.00-20.30, og deretter 8.-10. klasse frå klokka 21.00-24.00.  Dei som er med på cupen, har betalt inngangsbillett ved påmelding, medan andre som ikkje har vore med, må betala kr 50 for å koma inn på diskoteket.

Handballgruppa og leiar Charlotte Solberg ser fram til ein ny kjekk og spanande sesong, og oppmodar alle som ønskjer det om å vera med.      – Er du ikkje med på eit lag i dag, ta kontakt – me skal nok finne eit lag du kan delta på!

anabolisant