Den tradisjonsrike handballfestivalen på Stord blei velsigna med flott pinsevêr, og fire lag frå Fitjar var med på folkefesten.

Sportsleg gjekk det så ymse med laga frå Fitjar. Gutane i 14-årsklassen har spela mange gode kampar i vinter, etter bra treningsinnsats. Denne helga blei motstanden litt for tøff, og dei gjekk på klare nederlag i kampane sine i Nordbygdo.

Heller ikkje for dei to jentelaga som var med på Stord, blei det sigersjubel. Jentene i 11-årsklassen tapte kampane sine, medan dei største jentene, i klassen J13, spela uavgjort 3-3 mot Skjold.

Det einaste Fitjar-laget som vann kampar, var gutar 11 år. Her stiller Fitjar med fleire gutar som heilt klart har talent for handball, og me fekk sjå mange flotte mål. Når me tenkjer på at dei møtte lage med fleire års erfaring frå organisert handball, står det ekstra respekt av innsatsen deira på graset på Stord Stadion.

Sjølv om dei to jentelaga frå Fitjar ikkje vann mykje, gjorde dei eit avgjort positivt inntrykk i paraden laurdag føremiddag. Her deltok dei med duskar og sjølvlaga heiarop, og bidrog til stor stemning i toget!

Inntrykket etter festivalen, både frå spelarar, foreldre og lagleiarar er at dette var ei veldig positiv oppleving. Arrangementet var også denne gongen godt organisert, trass i rekorddeltaking, ein folkefest som det er vel verdt å få med seg.

Det einaste negative må vera at kampoppsettet var noko spreidd, og at det kanskje er kjekkare for lag som bur på Leirvik enn for laga som pendlar. – Men likevel utruleg kjekt å få oppleva og delta på handballfesten, seier foreldre me snakka med i pinsehelga.