Fleire handball-lag frå Fitjar deltek på Handball-festivalen på Stord i helga.

To gutelag og fire jentelag frå Fitjar er i sving på den store Handballfestivalen på Stord.

Festivalen føregår på Vikehaugane med kampar ute på kunstgrasbanen, på den tørrlagde skeisebanen og inne i Stord sportssenter. Halvparten av kampane vart avvikla i går, på pinseafta, resten går i dag.

Resultatmessig har det så langt ikkje gått Fitjar sin veg, men me trur dei unge handballspelarane kosar seg, og som bileta syner er det ingenting å seia på innsatsen.

Klikk på bileta for å sjå dei i større format.

{webgallery}Vilde R. Kjelling. Foto: K.R.{/webgallery}