Handballen har teke ferie, men førebuingane til neste sesong er så smått i gang allereie.

Handballfolket gler seg veldig til damelaget sine kampar i neste sesong. Som kjent rykte dei opp til 4. divisjon etter ei særs nervepirrande sesongavslutning i vår, og det skal bli spennande å sjå korleis dei klarer å hevda seg i ein divisjon lenger oppe. Dei driv og trenar noko no og, sjølv om sesongen er over. No er det meir alternativ trening i tillegg til noko handball, fortel hjelpetrenar Harald Engevik, som framleis er med.

Sjølv om handballsesongen er avslutta, er styret i handbllgruppa godt i gang med å planleggja neste sesong. – Målet er å få mange lag med i neste års serie, og me ønskjer å setje fokus på handballen gjennom blant anna aktivitetar utanom sjølve handballsesongen, seier leiar i handballgruppa, Charlotte Solberg, til Fitjarposten.

No når spelarane har «handballfri», driv mange av dei med fotball, og handballgruppa ønskjer å invitere til HafoCup, der nettopp handball og fotball vert kombinert. Den siste helga i august (30-31/8-1/9) vil 4. – 10. klassingar bli inviterte til å delta i HafoCup. Under ein slik cup skal det spelast ein omgang med handball, og ein omgang med fotball.  Arrangementet skal føregå i idrettshallen på Fitjar. Deltakarane blir delte opp i tre klassar, og det vil bli kåra ein vinnar frå kvar klasse, fortel Charlotte. Men det er viktig å få fram at her kan alle vera med.

– Det er ikkje berre dei som i dag driv med anten handball eller fotball me ønskjer skal delta. Dei som lurer på om dei skal starte med handball eller fotball er særleg invitert til å vera med. Kan hende det er den helga ein finn at dette er ein idrett dei vil satse på?

Handballgruppa er opptatt av at Fitjar-ungdomen skal ha positive aktiviteter å vera med på, og handball og fotball er slike aktivitetar. Charlotte oppfordrar difor ungdomen til å setje av helga, og følgja med når invitasjonen til cupen kjem ut ved skulestart.  Ho føyer til at det i tillegg til speling av kampar vert diskotek laurdagskvelden for alle deltakarane, og det vil verta kiosksal heile helga.