Anne Sissel Engevik i handballgruppa til Fitjar Idrettslag minner om at handballtreininga startar opp att måndag 1. setember. Alle treningane går for seg i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Handballgruppa melder at alt er klart til haustsesongen. Trenarar og oppmenn er på plass til å ta seg av dei ulike laga. Fitjar Idrettslag stiller handballag i desse klassane: J10, J12, J13, J15, J17 og damer 5. divisjon. På gutesida har Fitjar berre eitt lag, i 12-årskalssen. Naturlegvis ønskjer handballgruppa fleire lag for gutar, og prøver i haust å få i gutegang lag for 9- og 10-åringar. Dei prøver og å få i gang lag for jenter 9 år. Først ute med trening er nettopp trening for 9-åringane, i dag måndag 1. september kl. 17.00. I denne årsklassen trenar jenter og gutar i lag.

Det heng plakatar med treningstidene på Brannstasjonen, "Videoen", Larsen og på alle skulane. Alle treningane går for seg i Fitjar kultur- og idrettsbygg, så treningsforholda skulle vera dei aller beste.

Handballgruppa minner om at både nye og gamle handballspelarar er like velkomne, og at det ikkje er nødvendig å kunna så veldig mykje om handball for å vera med.