Fitjarjentene møtte litt for sterk motstand, og måtte tola 13-20-tap for Søreide. Foto: Kjetil Rydland.

Hausten er tid for handball, og i går fekk eit talrikt publikum på tribunen sjå to fine heimekampar i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Først ute var jentene i tolvårsklassen, som møtte Søreide frå Bergen. Motstandaren var eit lite hakk for sterk, men J12-spelarane til Fitjar hang bra med. 13-20-tap til slutt høyrest ikkje så altfor ille ut.

Rett etter kampen kom turen til trettenåringane. Også dei måtte tola tap; gjestene frå Dale vann så knipe som 4-3. Mette Haldorsen fortel at heimelaget spela jamt heile kampen og hadde fleire gode sjansar. Men kan nok takka ein god keeper for at det blei tap med knappast mogleg margin. Ho hadde mange gode redningar.

Trass i to tap var det ein kjekk dag i idrettshallen vår, meleder Mette Haldorsen. Mange tilskodarar på tribunen heia på heimelaget og bidrog til god stemning.

Tomine Haldorsen Helland fekk raudt kort, men miste verken motet eller humøret. Foto: Kjetil Rydland.

Om du har lyst å få med deg handball i Fitjar, foreslår me at du går inn på denne lenkja til banedagboka for idrettshallen i FKIB.