Handballjentene til Fitjar held liv i opprykksvona etter at dei vann heimekampen mot Kjøkkelvik 3 i dag.

Fitjar er tilbake i opprykkskampen i 5. divisjon etter at rivalane Askøy 2 tapte den siste kampen sin. Denne nye sjansen til opprykk var utgangspunktet for dagens heimekamp mot Kjøkkelvik 3 på heimebane. Med siger i dag og dei to siste kampane vil det bli opprykk til 4. divisjon.

Dagens kamp mot Kjøkkelvik begynte ikkje så altfor godt, og heimelaget låg under 1-4 i byrjinga av kampen. Ein heldig og god Kjøkkelvik-keeper gjorde det vanskeleg for ivrige og scoringshungrige Fitjar-damer. Men etter kvart kom dei inn i kampen og sleit seg til eit aldri så lite overtak, slik at dei kunne gå til pause med leiing 12-11.

Andre omgang heldt fram i same sporet, med Fitjar eitt eller to mål framfor. Dei sleppte aldri motstandarane inn att i kampen, og kunne jubla for 23-21 ved kampslutt. Dermed lever opprykksvona i beste velgåande, men dei må vinna dei to siste kampane. Den eine av desse er mot opprykksrivalane frå Askøy, så det blir ei dramatisk avslutning på sesongen for opprykkssvoltne Fitjar-damer. Det heile blir nok avgjort når dei møter Askøy 2 på bortebane måndag 4. mars. Oversikt over kampar, resultat og tabell finn du på heimesidene til www.fotball.no.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Kristine Korsvik (keeper), Charlotte Solberg (4), Ingvild Kannelønning (7), Ingvild Rimmereid (4) og Amalie Korsvik (1), Kristin T. Dahl (1), Maria Larsen (3), Lillian Gjuvsland, Marit Thorland (1), Miriam Almås, Marita Nysæther (2).