Fitjar-damene vann sesongens siste seriekamp, borte mot Kleppestø i dag.

Damelaget i handball var i dag til Askøy og spela sesongens siste kamp. Det vart ein forholdsvis jamn kamp mellom Fitjar-damene og Kleppestø, sjølv om Fitjar leia heile kampen gjennom. Kleppestø ligg langt nede på tabellen, men har flinke handballspelarar på laget som med sine oppspel lurte Fitjar-damene fleire gonger. Men med jamnt godt spel av heile laget, og med betre kondisjon, drog Fitjar ifrå utover i kampen, og dei vann til slutt med sifra 24 – 29.  

Kvar laget endar på tabellen er enno usikkert, då Askøy 2 har 1 kamp igjen, og resultatet frå den kan avgjera om det vert ein sesong til i 5. divisjon, eller om Fitjar til neste år har eit handballag i 4. divisjon. Dette får me vita torsdag kveld denne veka.
 
Trenar Charlotte Solberg og hjelpetrenar Harald Engevik er oppsummert godt nøgde med sesongen. Laget har hatt ei kollektivt god utvikling, og miljøet i laget er svært godt. Dei er og nøgde med at fleire yngre spelarar er komne til, og har markert seg positivt denne sesongen. Her kan nemnast Amalie Korsvik som back, og Solveig Fitjar i mål. Ønskjet er å få enda fleire spelarar, og gjerne yngre Fitjar-spelarar, med på laget neste sesong. Samstundes kryssar dei fingrane for at dei som har vore med i årets sesong og vert på laglista til hausten. No legg dei opp til gode treningar framover våren og sommaren, slik at laget skal vera godt rusta til neste sesong, uansett kva divisjon dette vert i.
 
Laget i dagens kamp (scoringar i parentes): Kristine Korsvik (keeper), Amalie Korsvik (1), Randi Thorland (7), Marita Nysæther (2), Marit Thorland  (1), Ingvild Kannelønning (10 – 6 straffar), Ingvild Rimmereid (6), Charlotte Solberg, Maria Larsen (2).