Handballdamene til Fitjar IL tapte 19-22 i ein jamn seriekamp mot Flaktveit tysdag kveld.

Gjestene frå Bergen hadde føringa neste heile kampen, og kunne innkassera ein fortent, men knapp siger til slutt. Heile første omgang låg Flaktveit føre med eitt til to mål og kunne gå til pause med leiinga 12-11.

Første halvdel av andre omgang blei den beste perioden for Fitjar-damene sin del, og dei var ei kort stund oppe i leiinga 13-12 og 14-13, før gjestene drog frå igjen. Og siste halvdel av andre omgang hadde dei relativt god kontroll. Takka vere ein god keeper, Linn Berentsen, som blant anna redda to straffekast, klarte dei å nekta Fitjar å komma inn igjen i kampen.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):

Kristine Korsvik (k)
Solveig Fitjar (k)
Marita Nysæther (1)
Randi Thorland (5)
Maj Engevik
Charlotte A. Solberg (7)
Ingvild Rimmereid (2)
Kristin Tessem Dahl
Ingvild Kannelønning (3)
Amalie Korsvik
Maria Larsen (1)