Handballdamene til Fitjar IL sleppte inn 45 mål og tapte mot opprykkslaget Årstad 3, etter å ha halde bra følgje i ein omgang.

Spesielt i første omgang fekk me sjå mykje bra spel og god innsats av Fitjar-damene. Laga følgde kvarandre som skuggar heile omgangen, mesteparten av tida med Fitjar med eitt måls leiing. Laga gjekk til pause med ei tomålsleiing til gjestene, 23-21, og då såg det ut som om kampen kunne vippa begge vegar.

Men bortelaget brukte ikkje lang tid i andre omgang på å avgjera kampen. Dei opparbeidde seg snart ei femmålsleiing, som Fitjar aldri klarte å henta heilt inn igjen. Ved enkelte høve var leiinga nede i tre mål, men mot slutten av kampen drog dei kraftig frå. Årstad-jentene scora på det meste, medan Fitjar ikkje klarte å kvittera. Dermed blei sigeren så klar som 45-37.

Hjelpetrenar Haraald Engevik fortel at han aldri har settt damene sleppa inn så mange mål før.

– Eigentleg scorar dei nok mål, seier han, men det hjelper lite når foravaret er så ope.

– No gjeld det å bli tøffare i forsvar, utan å gå over streken, seier ein relativt fornøgd hjelpetrenar, før han gratulerer dagens motstandar med opprykk til 4. divisjon.

Laget (mål i parentes):

Kristine Korsvik

Anna Clementsen (1)

Maria Larsen (4)

Kristin Tjessem Dahl (1)

Charlotte Solberg (10)

Ingvild Rimmereid (2)

Maj Raunholm Engevik (12)

Julie Skjerve Jensen (4)

Marita Westerlund (3)

Etter dagens tap ligg handballdamene framleis på sjetteplass i 5. divisjon, med sine 14 poeng. Neste sjanse til poeng blir i bortekampen mot Kjøkkelvik 3 laurdag 2. april.

Resultat og terminliste kan du lesa på www.handball.no.