Handballdamene til Fitjar tapte seriekampen mot BSI i Bergen i går kveld.

Fitjar-damene ser ut til å merka nivåskilnaden frå 5. til 4. divisjon, og har tapt begge dei første kampane sine i haust, trass i bra spel.

Etter eit knepent tap i opningskampen mot Sotra IL var det med friskt mot laget reiste til Bergen for å møta BSI, fortel trenar Harald Engevik. Kampen opna godt, og Fitjar låg i føringa dei fyrste 10-15 minuttane. Men etter kvart kom BSI meir og meir med i kampen, og i 2. havldel av fyrste omgang dominerte dei stort, med spel av høg klasse.

Til pause var stillinga 18-10 til heimelaget. Våre jenter hang bra med i 2. omgang, men måtte sjå at heimlaget drog frå med nokre mål til før kampen var over, seier Harald. Då dei gode dommarane bles for full tid synte måltavla 36-25.

Det syner seg at laget heng godt med i angrep, men må arbeida med forsvaret framover, meiner trenarane Charlotte Solberg og Harald Engevik.

Dei oppmodar heimepublikum i Fitjar om å møta fram i idrettshallen for å heia på jentene i neste heimekamp, som er mot Fana torsdag 24. oktober.

Fitjar sitt lag mot BSI (scoringar i parentes):
Solveig Fitjar (keeper), Kristine Korsvik (keeper), Amalie Korsvik (2), Marita Helland (1), Ingvild Kannelønning (7), Randi Thorland (4), Marit Thorland (1), Miriam Almås (3), Julie Jensen, Ingvild Rimmereid (3), Maria Larsen (3), Kristin T. Dahl (2).