Handballdamene tapte heimekampen mot Fyllingen 3 tysdag kveld.

Kampen mot trearlaget til Fyllingen var ein av kampane Fitjar-damene burde ha vunne for å klara seg i 4. divisjon. Og lenge såg det lyst ut for heimelaget, som leia mesteparten av første omgang. Ei stund var dei oppe i ei tremålsleiing, men etter kvart kom dei rutinerte gjestene frå Fyllingsdalen meir med. Dei scora jamt og trutt, medan keeperen deira tok det meste som kom.

Ved pause stod det 13-10, og i andre omgang heldt Fyllingen fram der dei slapp før pause. Den rutinerte utespelaren Inger Hygen imponerte med godt keeperspel, medan det var ope i andre enden av banen. Dermed vann gjestene også andre omgang med tre mål, og kunne gå av banen med siger 27-21.

Og dei 50 ivrige tilskodarane måtte konstatera at Fitjar-damene må kjempa for å berga plassen sin i 4. divisjon.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes): Kristine Korsvik (keeper), Solveig Fitjar (keeper), Randi Thorland (2), Lillian Gjuvsland, Miriam Almås (2), Maria Larsen (2), Amalie Korsvi (2), Marit Thorland, Ingvild Kannelønning (7), Julie S. Jensen, Marita Helland, Ingvild Rimmereid (6), Solveig Liarbø, Jeanett Rasmussen.