Damelaget til Fitjar IL vann ein relativt klar heimesiger mot Lyngbø laurdag ettermiddag, etter eit visst overtak gjennom heile kampen.

Lyngbø stilte til kamp med berre 6 spelarar. Sjølv om dei kjempa tappert, var det aldri tvil om at Fitjar kom til å vinna kampen. Jentene hadde sjansar nok til å vinna med 15-20 mål, men målvakta til Lyngbø gjorde ein god kamp og redda svært mange hundreposentsjansar.

Etter 1. omgang stod det 13-10 til heimelaget. I 2. omgang sat forsvaret bra, og jentene rusha kjapt når dei fekk tak i ballen. Sjølv om skota ikkje sat godt i dag blei sigeren likevel 24-17.

Hjelpetrenar Harald Engevik gir ros til Jane Ness, som stod sin fyrste kamp i Fitjar-målet. Ho hadde mange fine redningar. Alle utespelarane kom på scoringslista, og Kaia Hillesdal vart toppscorar med 8 mål.

Fitjar stilte med dette laget:

Jane Ness, Julie Skjerve, Randi Thorland, Marita Westerlund, Monika Vaage, Maria Larsen, Ingvild Rimmereid, Kristin Tjessem Dahl, Charlotte Solberg og Kaia Hillesdal.