Handballdamene spelte ein ny god kamp søndag, og slo Gneist II så klart som 34-28.

Spelande trenar Charlotte Solberg hadde god grunn til å vera fornøgd etter søndagens heimekamp mot Gneist II. Laget har no vunne dei tre siste kampane, og i periodar viste dei svært fint angrepsspel. Ein kunne tydeleg sjå at Solberg har erfaring frå spel i høgare divisjonar, der ho veksla mellom gode gjennombrot (6 mål) og fikse innspel til strek. Monica Våge Helland hadde absolutt dagen inne på streken. Ho tok vel vare på innspela og scora heile 10 mål. Ingvild Rimmereid var som vanleg god både i forsvar og angrep og enda på 8 mål.

I periodar var forsvarsspelet bra, men innimellom slapp Gneist altfor lett til med skot frå 7-8 meter. Dette lyt ein retta på til neste kamp, då ein møter sereleiaren.

Laget (mål i parentes):
Kristine Korsvik (keeper)
Charlotte Solberg 6
Monica Våge Helland 10
Marita Westerlund 1
Berta Myhre 1
Kristin Tjessem 4
Julie Jensen 1
Maria Larsen
Ingvild Rimmereid 8
Maj Engevik 2
Anna Clementsen 2
Siv Severinsen 1

Resultat og terminliste kan du lesa på www.handball.no