Harald Engevik fortel at handballdamene til Fitjar IL alt har begynt oppkjøringa mot neste sesong.

Det var ein frisk og ambisiøs gjeng med handballdamer me møtte på motbakketrening ved vassverket ein kveld denne veka.

Damelaget vart nr. 3 i 5. divisjon førre sesong, og Harald Engevik fortel at i år satsar dei på opprykk til 4. divisjon. Laget har fått ny hovudtrenar, Anders Langeland, tidlegare keeper på Stord sitt A-lag for herrar. For å klara målsetjinga om opprykk, blir det frå hausten av trening 3 kveldar i veka. Ei trening vil gå på styrke og kondisjon medan dei to andre vil vera meir retta mot handball.

Laget har for vane å scora mange mål, men let det og bli mange baklengsmål. Neste sesong er planen å bli betre i forsvar. Som eit ledd i dette startar dei alt no treninga for neste sesong etter nokre veker pause. Fortel Harald Engevik, som vil ta seg av styrke- og kondisjonstreninga til jentene. Og som i skrivande stund er i Geiranger for å kvessa seg på motbakkane i Geiranger Halvmaraton.