Handballdamene til Fitjar IL spelar i 4. divisjon til neste år, etter som opprykksrivalen Askøy 2 tapte siste seriekampen sin i kveld.

Etter at Fitjar-damene var på Askøy og tapte for opprykksrivalane sine for ein månad sidan, rekna dei fleste med at opprykkstoget hadde gått for i år. Men i kveld fekk dei ei gledeleg melding, som trenar Harald Engevik sender vidare til oss: Handballdamene skal spela i 4. divisjon neste sesong!

Det har vore spenning dei siste vekene, då resultatet i kveldens kamp mellom Askøy 2 og Kjøkkelvik 3 ville vera avgjerande for kva divisjon dei skulle spela i neste sesong. Optimismen i Fitjar-leiren har eigentleg ikkje vore særleg stor, for Askøy 2 har mange spelarar å ta av frå høgare nivå. Og Fitjar-damene rekna med at dei kom til å toppa laget for å sikra seg opprykk.

Men slik blei det altså ikkje! Kjøkkelvik 3 (som Fitjar m.a. slo med 11 mål i bortekampen) vann 26 – 21 i torsdagens kamp. Dermed enda Fitjar og Aksøy 2 begge på 20 poeng i årets 5. divisjon. Innbyrdes spel enda med ein siger til kvart lag, men Fitjar vann på betre målforskjell.

Spelarar og trenarar gler seg no til haustens sesong, og legg opp til gode treningar framover for å vera best mogeleg førebudde.